Bokhandlar kan søke om støtte

09.09.2020

Små bokhandlar i Distrikts-Norge kan få økonomisk støtte gjennom Merkur-programmet. For 2020 er det sett av 500.000 kr til tiltak som kan utvikle bokhandelen som sosial og kulturell arena. Søknadsskjema for søknader om utviklingsstøtte til bokhandel er no lagt ut på nettportalen www.regionalforvaltning.no. Søknadsfristen er 15.oktober.

Støtteordninga gjeld bokhandlar som deltar i Merkurs kompetanseprogram (Merkur Bok). Maksimal støtte pr. butikk er 50.000 kr. pr. år.

Støtteordninga er eit tilbod til bokhandlar som ønskjer å utvikle bokhandelen til ein sosial og kulturell møteplass for lokalsamfunnet. Ordninga skal til dømes hjelpe bokhandlarar som ønskjer å leggje til rette for mellom anna forfattarmøte, litteraturkveldar og andre typar kulturelle arrangement i bokhandelen.

Målsettinga med utviklingsstøtta er å styrke og utvikle drifta og generere tilleggsinntekter for bokhandlane i område med små marknader.

Tilbodet om utviklingsstøtte gjeld for Merkur-bokhandlar som er lokalisert i ein tettstad eller småby i Distrikts-Norge. Bokhandelen må vere einaste bokhandelen i tettstaden eller handelsområdet, og den må ha ei omsetning på under 7 millionar kroner.

Merkur-programmet, som er Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verktøy for å utvikle distriktsbutikkar, har arbeidd med utvikling av bokhandlar sidan 2008. Målet er å sikre eit godt tenestetilbod i distrikta. Om lag 50 bokhandlarar deltar i dag i nettverket Merkur Bok.

VIL DU VITE MEIR? Her er info utviklingsstøtte til bokhandlar.

Her kan du lese om Merkur-programmet.