Språkmeldingen
Om fastpris på fagbøker:
Fastprisordninga synest å fungera som eit stabiliserande element i ein sårbar bokmarknad. Dette er bakgrunnen for at regjeringa vil halda fast ved det etablerte fastprissamarbeidet for produksjon av fag- og lærebøker til høgare utdanning. Fastprissamarbeidet krev unntak frå det generelle forbodet mot slikt samarbeid i konkurranselova og er tufta på den noverande bransjeavtalen for bokomsetning som gjeld til 31. desember 2010. Ved kongeleg resolusjon er det no fastsett at også høvet til å samarbeida om faste prisar for lærebøker til universitet og høgskular og fagbøker til profesjonsmarknaden skal gjelda ut heile avtaleperioden.
Les mer:
7.3.5.2 Verkemiddel for å sikra norskspråklege fag- og lærebøker (side 118 og 119 i rapporten)
7.6.5.1 Innkjøps-, produksjons- og tilskotsordningar for litteratur (side 144 til 147 i rapporten)
7.6.5.13 Bokavtalen og evaluering (side 147 og 148 i rapporten)


